Bladet Forskning Nr 1/13 - Forskningsrådet - page 16

HAV21
Regjeringa ved Fiskeri- og kystdepartementet sette hausten
2011 ned ei stor strategigruppe for å utvikle forslag til ein
samla strategi for all marin forsking i Noreg dei kommande
åra. HAV21 oppfordrar regjering, forvaltning og næringsliv til
tettare samarbeid om forsking på tvers av kunnskapsbarrierar,
ved hjelp av forvaltningsmessige grep og med eit sterkare
samarbeid mellom privat og offentleg forsking og finansier-
ing.
Strategien vart lansert i Oslo 7. november 2012.
Hav21 anbefaler sju prioriterte område for marin forsking
og utvikling for å kunne innfri næringsmessige og politiske
mål for marin sektor.
Strategigruppa har hatt 18 medlemmar frå forskingsmiljø,
miljøorganisasjonar, offentlege etatar og næringsliv over heile
landet (sjå namna på nettsida).
Breitt sammensette arbeidsgrupper innanfor forvaltning,
fiskeri, havbruk og mat har tilarbeidd om lag 400 innspel frå ei
rekkje miljø og gitt sine anbefalingar til strategigruppa.
Forskingsrådet har vore sekretariat for HAV21. Kontaktper-
son: Lars Horn,
tegien både for Hovudstyret i Forskingsrådet
og på ei rekkje konferansar og arrangement.
Anbefalinga frå HAV21 blir no brukt som
innspel mellom anna i Regjeringa sitt arbeid
med den neste forskingsmeldinga og den
kommande sjømatmeldinga.
– For Forskingsrådet vil Hav21-strategien
vere eit viktig innspel i arbeidet vårt med å
utvikle kommande programsatsingar på det
marine området, seier avdelingsdirektør
Christina Abildgaard. Ho har nyleg sett i gang
ein prosess for å foreslå nye programsatsingar
ettersom dei marine programma HAVBRUK
og Havet og kysten skal avsluttast i 2015.
– Innspela til HAV21 og behandlinga av
forslaga i dei tematiske arbeidsgruppene og
strategigruppa gir oss eit svært godt ut-
«Strategigruppa greidde å bli einige
om viktige prinsipp på tvers av særinteresser.»
gangspunkt for å foreslå nye satsingar på
dette feltet, seier ho.
Abildgaard viser til at den breitt saman-
sette strategigruppa greidde å bli einige om
viktige prinsipp på tvers av særinteresser.
– Dette legg eit godt grunnlag for tverrfagleg
forsking på viktige satsingsområde. Det vil
også styrke vårt internasjonale engasjement
(Foto:Therese Farstad)
i til dømes den felleseuropeiske satsinga på
hav, Joint Programming Initiatives Oceans
(JPI-Oceans), held ho fram.
Tverrfagleg innsats
– Noreg har tradisjonelt sett hatt ein leiande
posisjon innanfor marin naturvitskapleg fors-
king. Det gir oss eit godt grunnlag for å forval-
te og bruke havet med respekt, omtanke og
langsiktigheit, og vi må hegne om og vidare-
føre denne styrken, seier Liv Monica Stubholt.
– Men det er også viktig å få juristar og
samfunnsvitarar på banen. Det er til dømes
behov for å styrke det juridiske grunnlaget
for å forvalte ressursar, sikre Noregs interes-
ser og kvalitetssikre beslutningsprosessane.
Styrkt samfunnsvitskapleg forsking vil gi
betre beslutningsgrunnlag for regulering,
forvaltning og verdiskaping knytt til kyst- og
havområda, inkludert dei arktiske områda,
påpeikar Stubholt.
Forsking og teknologiutvikling vil stå
sentralt for å kunne utløyse det potensialet
for auka verdiskaping i marin sektor som
vart berekna av SINTEF og vitskapsakademia
i fjor. Det krev at vi kan dokumentere bere-
kraftig produksjon og hausting av norsk sjø-
mat for å sikre godt omdømme for norsk fisk
i marknadene. Det vil også krevje at Noreg
styrker sin kompetanse innanfor marknads-
forsking, slik HAV21-strategien anbefaler.
Viss ein skal nå dei næringsmessige og
politiske måla relaterte til havet, må Noreg
ta sitt ansvar som marin kunnskapsnasjon
på alvor og satse målretta på forsking om
havet. HAV21-strategien grunngir kvifor og
peikar på områda som må prioriterast.
HAV21: – Eg liker tittelen
FoU-strategi for ein havnasjon av format
, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Han-
sen (t.v.) då ho fekk overrekt HAV21-strategien av Liv Monica Stubholt. (Foto:Therese Farstad)
«Det er behov for å styrke
det juridiske grunnlaget
for å forvalte ressursar.»
Bladet Forskning 01/2013
16
1...,6,7,8,9,10,11,12,13,14,15 17,18,19,20,21,22,23,24,25,26,...28
Powered by FlippingBook