Bladet Forskning Nr 1/13 - Forskningsrådet - page 15

Når vi reknar med fjordar og øyer, er den norske
kysten 2,4 gonger så lang som lengda rundt ekvator.
Det gir Noreg fantastiske moglegheiter til å bruke
havet og hauste av naturen sine ressursar.
SJØMATNASJON: Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda, og sjømat er Noregs tredje
viktigaste eksportvare. I 2011 eksporterte vi sjømat til 130 land for totalt 53 milliardar kroner. Mengda
svarar til servering av omtrent 33 millionar sjømatmåltid
kvar einaste dag
. Regjeringa har ein ambisjon
om at Noreg skal vere den fremste sjømatnasjonen i verda. (Foto: Shutterstock)
ANNE DITLEFSEN
Det er ikkje tilfeldig at offshorenæringa,
skipsfarten og sjømaten er dei tre viktigaste
næringsklyngene i Noreg. Heller ikkje at det
nett er på desse felta Noreg har nokre av
sine sterkaste forskingsmiljø. Historisk sett
har havet spela ei avgjerande rolle for utvik-
linga av det norske velferdssamfunnet. Dei
moglegheitene og ressursane havet gir, må
også kommande generasjonar ha tilgang til.
Det må vi leggje grunnlaget for i dag.
Forskingsstrategi
I november i fjor vart HAV21-strategien
overlevert Regjeringa ved fiskeri- og kystmi-
nister Lisbeth Berg-Hansen med anbefalin-
gar for prioritering og styrking av den mari-
ne forskinga.
– Noreg er ei marin stormakt med strate-
gisk tilhøyrsle i nordområda, noko det er
stor internasjonal interesse for. Dette må ha
avgjerande betydning også for korleis vi pri-
oriterer innanfor forsking – både den offent-
lege og den privat finansierte sådanne, seier
Liv Monica Stubholt. Ho har leidd den regje-
ringsoppnemnde strategigruppa HAV21 som
har utarbeidd eit forslag til ein samla strate-
gi for all marin forsking dei kommande åra.
Framtidsretta
– Marin forsking er noko av det mest fram-
tidsretta vi kan satse på, meiner Stubholt. Ho
«Noreg er ei marin stormakt med
strategisk tilhøyrsle i nordområda.»
peikar på at dei tre havbaserte næringane til
saman utgjer ein formidabel industriell base
med gjensidig samspel og komplementari-
tet, som beskrive i rapporten
Et kunnskapsba-
sert Norge
.
– Felles for dei er at dei er sterkt kunn-
skapsbaserte og eksportretta og har eit høgt
internasjonalt omdømme, både nærings- og
forvaltningsmessig. Dei teknologiske og fors-
kingsmessige utfordringane gir synergi-
effektar og er eit spesielt godt argument for
å satse vidare på desse næringane i Noreg,
seier Stubholt.
Strategigruppa anbefaler Regjeringa å
styrke den marine forskinga innafor sju te-
matiske område gjennom «verktøy» som
tverrfaglegheit, utdanning og kommunika-
sjon. Forskinga må skaffe den nødvendige
kunnskapen for å nå næringsmessige og
politiske mål for verdiskaping og ressursfor-
valtning, der det blir teke omsyn til både
bruk og vern av ressursar og natur.
Grunnlag for ny politikk
Strategien HAV21 er resultat av ein prosess
som har engasjert store delar av det marine
Noreg. – Utfordringa no er å sikre at anbefal-
ingane blir følgde opp både av politiske
myndigheiter, i forskingsmiljøa og i nærings-
livet, påpeikar Stubholt.
Etter lanseringa i november 2012 har ho
og andre frå strategigruppa presentert stra-
CHRISTINA ABILDGAARD
(Foto: Forskingsrådet)
LIV MONICA STUBHOLT
(Foto: Kværner)
Bladet Forskning 01/2013
15
1...,5,6,7,8,9,10,11,12,13,14 16,17,18,19,20,21,22,23,24,25,...28
Powered by FlippingBook