Bladet Forskning Nr 1/13 - Forskningsrådet - page 3

Knut H.
Alfsen
Kjersti
Fløttum
Siri A. Meling
Karen O’Brien
Bente Ailin
Svendsen
Fem om nye miljø
inn i klimaforskinga
Korleis kan vi få fleire samfunnsvitarar og humanistar inn i klimaforskinga?
THERESE FARSTAD
Kjersti Fløttum, professor,
Institutt for framandspråk,
Universitetet i Bergen
Klimaspørsmålet har utvikla seg frå å
vere hovudsakleg eit fysisk fenomen til
å bli eit politisk, sosialt, kulturelt og
etisk fenomen. Diskusjonen handlar no
ikkje berre om klimaendringane i seg
sjølv, men like mykje om kvifor så lite
skjer, og kva for tiltak vi bør satse på.
Kva har interesser, verdisyn og politisk
tilhøyrsle å seie for individuelle og kol-
lektive haldningar og (mangel på) hand-
lingar?
Her er det behov for mange huma-
nistiske og samfunnsvitskaplege inn-
fallsvinklar.
Knut H. Alfsen, forskingsdirektør,
Center for International Climate
and Environmental Research
(CICERO)
Dette er ikkje fort gjort, er eg redd. Vi
må bli flinkare til å framstille klimapro-
blemet som ei viktig samfunnsfagleg og
humanistisk utfordring, ikkje minst i
undervisningssamanheng. Her gjeld det
å forstå kvifor vi som individ og sam-
funn organiserer oss slik at problemet
oppstår, og sjølvsagt skaffe oss kunn-
skap om kva som må til for å møte ut-
fordringa. Vi må spørje oss: Korleis bør
vi organisere oss, og korleis får vi til
nødvendig endring?
Siri A. Meling, fungerande leiar
i energi- og miljøkomiteen på
Stortinget, energipolitisk tals-
person for Høgre
Den beste dynamikken i å finne gode
løysingar skjer når menneske med ulik
bakgrunn frå ulike fagmiljø tenkjer sa-
man. Klimautfordringa er så stor at vi
treng nye tankar, nye idear og nye inn-
fallsvinklar for å vidareformidle kunn-
skap, forståing, nye alternative løysin-
gar og ikkje minst handling. Då er det
nødvending å gå utanom den vanlege
boksen og rekruttere ein ny og annleis
kompetanse.
Karen O’Brien, professor, Institutt
for sosiologi og samfunnsgeografi,
Universitetet i Oslo
Klimaendringane er meir enn eit miljø-
problem, dei er også ei stor utfordring
for samfunn, kultur og menneskeleg
sikkerheit.
Det er menneskeleg aktivitet som
endrar klimaet, og kvar dag blir det
gjort val som er bestemmande for fram-
tidig klimautvikling. Samfunnsvitarar
og humanistar er interesserte i end-
ringsprosessar, og om ein opnar opp for
kritiske spørsmål omkring kva rolle
makt, politikk, interesser, kultur, iden-
titet, verdiar og historie har for end-
ring, vil klimaforskingsfeltet kunne til-
trekkje seg desse nye disiplinane.
Bente Ailin Svendsen, professor,
Institutt for lingvistiske og nordis-
ke studium, Universitetet i Oslo,
programstyremedlem i SAMKUL
(Samfunnsutviklingens kulturelle
forutsetninger)
Det kan vi få ved å stille forskingsspørs-
mål om korleis klimaforskinga og kli-
maendringar påverkar åtferd og levevil-
kår hos folk, korleis åtferd endrar seg,
korleis klimaspørsmål og klimaforskin-
ga blir diskutert offentleg, dessutan om
tilhøve mellom miljø, etikk og politikk,
til dømes korleis klimaspørsmål blir
brukt retorisk.
HumSam-perspektiv er særleg rele-
vante med tanke på årsaker, effektar av
og tilpassingar til klimaendringar, men
perspektiva må integrerast i dei spørs-
måla ein stiller, og ikkje «limast» på
fordi midtvegsevalueringa av Store pro-
gram konkluderte med at HumSam-
perspektiva skulle med.
Foto: FotoKnudsen
Foto: Cicero
Foto: Ram Gupta
Foto: Stortinget
Bladet Forskning 01/2013
3
FEM OM
1,2 4,5,6,7,8,9,10,11,12,13,...28
Powered by FlippingBook